Camping Kart Bilder Fangstrapportering Gjestebok Kontakt

Fiskereglar for Vikedalselva


Definisjonar

Døgnkvote: Tal på laks og/eller sjøaure som kvar fiskar kan fange kvart døgn.

Kroka fisk: Ein fisk er definert som kroka dersom kroken ikkje sit i eller tett attmed kjeften.

Vinterstøing: Laks eller sjøaure som har overvintra i elva.

Innlandsfisk: All annan fisk i vassdrag enn laks og sjøaure.


Fisketider

På elvestrekningar med laks eller sjøaure gjeld fisketidene også for innlandsfisk.

Fisketida er frå og med 15. juni til og med 31. august, i denne perioden er det tillate å fiske frå og med torsdag kl. 00.00 til og med søndag kl. 24.00.

(Forbod mot alt fiske frå måndag kl. 00.00 til onsdag kl. 24.00)


Døgnkvote

Døgnkvoten er 3 laks.

Det er ikkje opna for fiske etter aure i Vikedalselva

Kvoten er personleg og følgjer fiskekortdøgnet eller kvar dato for helg, veke og sesongkort. Når ein fiskar har nådd døgnkvoten, skal fisket straks opphøyre.

Laks som har uomtvistelege ytre kjenneteikn på å vere rømd oppdrettslaks, blir ikkje rekna inn i kvoten.


Krokingsforbod

Det er ikkje lovleg å fiske på ein slik måte at fisk blir kroka. Dersom ein krokar fisk og dette skuldast måten eller staden ein fiskar på, skal fisket straks ta slutt.

Forbod mot fiske av vinterstøing

Det er ikkje tillate å fiske vinterstøingar av laks og sjøaure. Støingar som likevel blir fanga, skal straks setjast ut mest mogleg uskadd.

Godt over minstemål!
Visitvikedal   Vikedalselva   Vikedalsnytt   Vikedalsværet
 

Gilje Web