Camping Kart Bilder Fangstrapportering Gjestebok Kontakt
Midtre del
Midtre delen av sone 1 er på Opsal, og startar ved Opsalbekken som munnar ut i elva ca 70m ovanom brua ved Vikedal sentrum. Strekket er ca 580m, og er samanhengande til fredingssona ved Opsalfossen.

I område kring Sorenskrivarhølen er dei mest ettertrakta fiskeplassane i sona, det er også her mesteparten av laksen i sone 1 blir tatt. Til tider kan det vera tett mellom stengene her, så for å få “innpass i miljøet” her må ein ha evne til omgjenge, tilpassing og samarbeid med andre fritidsfiskarar.

Lenger nedover i strekket, i områda ved Grasbakken, Skrivarbrygga, Svingen og Haugabråte er det i hovudsak sjøaure det blir fiska etter, her er det rolegare og romslege forhold sjølv om fiske er godt.

Vis sonekart
Visitvikedal   Vikedalselva   Vikedalsnytt   Vikedalsværet
 

Gilje Web